tirsdag 15. mai 2012

Land of hope and dreams

"Nå er det atter på den årstid da utvandrerne er å se i gatene og skip tilrigges og vassfat gjøres til Amerikareisen. Dette er nå så visst som at gauken kommer til sin tid, og det ene er i grunnen naturens gang som det andre." Aasmund O. Vinje 


Dei var på veg over havet. 31 nordmenn og 2170 passasjerar og mannskap frå England, Frankrike og Irland. Dei reiste med det nye, store skipet, skipet som ikkje kunne synke, det nye luksushotellet som skulle pløye bøljan blå. I horisonten lyste forventninga om kapp med sola som sakte glei ned i havet der vest. I salongen spelte Wallace Henry Hartley og orkesteret hans lystige ragtimetonar. Skipet hadde sett kursen mot the land of hope and dreams.

Historia om det segnomsuste skipet Titanic er kjend for dei fleste. Difor ei kort oppsummering: Titanic var eit britisk passasjerskip som forliste på jomfruturen sin mellom Southampton i England og New York i USA 15.april 1912, da skipet gjekk på eit isfjell og sank. Omlag 1.500  personar omkom, berre 705 overlevde. Dette er ei av dei største og mest kjende katastrofer på havet i fredstid. Omfanget av tragedien og kontrasten mellom luksusen blant dei rike om bord og døden i ishavet har fascinert ettertida. Mange har sett forliset som ein allegori over avslutninga av den «glitrande» epoka som det borgarlege Europa hadde levd i sidan slutten av 1800-talet, og var såleis eit forvarsel om utbrotet av første verdskrig og depresjonstida.


Utan flossa teppe på golva, utan sjampagne i glasa, men mot den same horisonten og med dei same forventningane, hadde den 33 år gamle Knut Skultbakken Moen reist med kone og tre barn 12 år tidlegare. 69 år etter hadde barnebarnet brukt returbilletten som bestefaren aldri brukte, for å finne seg sjølv og dei norske røtene sine. 112 år etter at Knut og den vesle familien hans reiste over havet, i eit lite landsens bibliotek, i eit av dei inste dalføra i Norge, skulle ein av etterkomarane hans ordne ei utstilling om Titanic og utvandringa til the land of hope and dreams, tenkje på at ho var ein liten del av den norske utvandrarhistorien, på slumpetreffa i livet. Eller om det var lagnaden.

Salme ved reisens slutt: Nærmere deg, min Gud. Eller om det var Autumn waltz.

Rita

tirsdag 8. mai 2012

Førr ei bok!

Barnelitteratur er langt frå enkel. Av alle dei bøkene eg har lese dei siste 35 åra, er det fleire barnebøker som ragar høgast blant dei eg minnest best. I seinare år har t.d ungdomsbøker som Gutten i den stripete pyjamasen og Vinterjenter sett varige spor -sårt, nært, vondt og vakkert. Likeeins Tonje Glimmerdal med den eineståande skildringa som passar like godt for born som for eldre -ei sjeldan god bok særskildt eigna for høgtlesing for store og små saman. No har eg på nytt funne ein skatt som heile Noreg må bli gjort merksam på, ei perle alt for skinande vakker til å bli ståande bortgøymd i hylla med ryggen til verda:

"Leo sitter stille i natta og lytter etter skrittene mine. For det er bare jeg som kan slippe ham ut. Jeg løper for at mørket ikke skal merke meg. Jeg hvisker at gata må være kort å komme over.
Jeg er Mei. Jeg har aldri funnet ut  hvordan jeg kan se om noen er snille eller slemme."

..."Leos kjeller er full av natt. I hjørnet av natta sitter han og venter.
Jeg er morgenen. Morgenen må være en venn."

Leo og Mei av Synne Lea er i utgangspunktet ei lettlesen bok; stutte setningar, luftige sider og språkleg god flyt. Lea har derimot ikkje skrive ei lettvint bok -tvert om. Ei sår historie om funksjonshemma vesle Leo som kvar natt sitt i kjellaren og ventar på at raske og friske Mei skal koma og fri han frå det uhyggjelege, kalde myrkret:

..."Jeg er Mei. Jeg er den som løper, nesten for fort. Jeg springer skrittene mine lette og lyse. For Leo lytter etter noe lyst, noe lett. Han lytter etter noe som kan komme nærmere."

Dei språklege vendingane er ein fryd for sjela, poetiske grubleri som snor seg inn i tankeverksemda, snirklar seg fast, må nøstast opp att og lesast på ny -og på ny. Lea har her gjort eit meisterverk som kanskje eignar seg minst like godt for vaksne lesarar -eller som høgtlesing i mindre grupper, med høve til samtale om stoffet i etterkant. Det er tidvis vond lesnad, men nydeleg formidla av ei som har verkeleg forstår å bruke språket for det det er verd.

...."Jeg husker nesten alt. Nesten alt for mye, pleier mamma å si. Men når jeg løper, veier jeg ingenting, og når jeg ikke veier noe, vet jeg ingenting. Da trenger jeg ikke å tenke"...

Lån og les, få høyre kva du meiner!

Imponert bloggar i einsam majestet i bokheimen: Merete

onsdag 2. mai 2012

No brusar bekk, no glitrar elv

Og iblant blir ho lita som ei teskei
Det er hektiske dagar her i bokheimen på dørstokken til mai, kan du skjønne. Barnebokprataren er ute på oppdrag på skular, barnehagar og foreldremøte både i eiga og i andre sine kommunar. Denne veka er det Garmo og Vågå som får glede av den sprudlande viskvinna. Om det har effekt? Ikkje tvil. Etter foreldremøtet i barnehagen har foreldre som ikkje har vore på biblioteket før, dukka opp og spurt etter bøker ho har presentert. Når ho har vore ute på skulane, blir ventelistene lange som desembernetter på bøkene ho har godprata om. Ho har etterkvart fått lang erfaring i gamet, er sprudlande som ein våryr bekk og har fått den kvinnens nådegåve å verke overtydande. Om jobben ho gjer er viktig? For dei fleste seier det seg sjølv, men for å vera på den sikre sida: Det å skaffe seg kompetanse innan språk og lesing, betre forstå eigne og andre sine kjensler og levekår, auke kunnskap, utvide horisontar og kjenne gleda ved å reise bort i ei bok, er alle viktige byggjesteinar for livsmeistring i vår tid.

Sosialrealistisk barnelærdom
I barndommen, den gong vi gjekk til det vesle skulebiblioteket med den særeigne lukta av bøker som sat i veggane og valde ei kvasomhelst bok med mosegrønt omslag eller blått delfinmerke på framsida, så las vi ho ut utan å mukke. Tidene har endra seg. Mosegrøne bøker finn ein knapt i dei nedstøva magasina i biblioteka. Det er glansa ark og kule omslag. Likevel er det opplagt at boka er i eit tøft heat med TV, dataspel, sosiale medium og andre freistande fritidssyslar å konkurrere mot. I dag må leselysta i langt større grad lokkast fram for at barn skal gripe til boka. Barna er framtidas lesarar og bibliotekbrukarar. Litteraturformidling for barn og unge er og blir ei hovudoppgåve for folkebiblioteka, og vi meiner at alle kommunar burde tilsetje ein barne- og ungdomsbibliotekar som kan drive formidling overfor barn. Kvar kommune i landet har eit litteraturhus i biblioteket. Sats på dei! Det kan vise seg å vera fornuftig bruk av kommunale kroner.

Hektiske dagar? Den underteiknande fartar rundt mellom Diktardagar, Diktarhus, Ibsen-jubileum, Norddalsmøter, styremøter, Aasentun, Turistbibliotek, bibliotekplanar, søknadsskriveri, kursus og krokus og er meir der enn her. Neste veke tek ho attpå til to egotripferiedagar ut av det blå. Og bakom syng ei scrapbook om å bli fylt av hatt med slør og silkestrå og velvalde ord med på vegen. Det går i sønnavindsvalsetakt og quickstepsko.

For kvar ein lovnad våren gav, skal sommaren fri inn.

Rita

tirsdag 24. april 2012

Minnet

"Old woman reading" av Adolph Tidemand
Minnet har brent seg fast som ein skinande krystall i berget: Bestemor i den djupe stolen med oldemorrutene framfor den knitrande Jøtulomnen. Bestefar tett attmed, ruggande sakte i gyngestolen, lett framoverbøygd mot den gamle kona. Bestemor i strikkavest og forkle, med brillene ytst utpå nasen og lesnad i fanget. Den trauste stemma, den mjuke munnen som forma orda, las og fortalde -som ein song i øyro på barnebarnet som dingla med føtene på krakken borte ved utslagsvasken. Støvet som dansa i den bleike solstrima innover golvet, kvervla opp og fauk bort med orda som leika seg gjennom lufta. Bestefar med falda hender over magen, bleike augo som ikkje lenger hadde nytte av briller, stilt lyande etter bestemor sine ord, hungrande etter nytt frå avisa og spenning frå bokskattane.

Jenta på krakken kjende at ho var vitne til noko viktig. Dette var messom noko større, og på eit vis enno viktigare, enn dei gode stundene på fanget til mor eller far, der forteljinga sveipte jenta inn i ein kokong av lykke, spenning og forventing. Spira til leseglede var sådd for lengst, men denne ettermiddagen gav næring til vissa om kor viktig formidlinga er for mennesket, kor stor glede vi kan ha av lesing og forteljarkunst. På heimtur gjennom skogen denne eftan fortalde jenta frilyndt ei sjøldikta historie til fuglane, maurane, blomane og humlene -lykkeleg uvitande om at nett dette skulle vera kimen til eit framtidig levebrød som formidlar av skrivne ord.

Ekte leseglede.
Dette verdfulle minnet kom sterkt attende til meg då eg i går skulle prate om nye barnebøker til foreldra i barnehagen, om kor viktig lesing er -ikkje berre for å tileigne seg kunnskap, men vel så mykje for å forstå verda, utvikle empati og oppleve gleda ved å forsvinne inn vår eiga verd av fantasi skapt av våre eigne bilete ut i frå det orda fortel oss. Eit brennande engasjement for å spreie bokglede frå tidleg alder resulterte i nok eit alt for langt innlegg for ei talrik, fortetta forsamling i ein liten gymsal i Lom i går kveld. Men nok ein gong har vi sett at det nyttar. Dagen derpå har fleire småbarnsforeldre vore innom gammelprestgarden med sine håpefulle og spurt etter nye bøker dei høyrde vart omtala på foreldremøtet. Barnebibliotekaren ivrar lykkeleg vidare i trygg forvissing om at jobben har sin misjon, og sender stilt takksame tankar til dei to gamle som i si tid var med og la grobotn for den brennande formidlingsinteressa. Ver der for borna, ver der for kvarandre, delt glede er dobbel glede!

Bloggar som har trua: Merete

Biletet av den gamle kona er lånt frå denne bloggen: http://itsalwaysteatime.blogspot.com/
medan det siste biletet er henta her: http://wflcenter.wordpress.com/2011/07/18/preparing-your-child-for-pre-school/

tirsdag 17. april 2012

Spålappen

Ein av desse kalde, klåre morgonane i april subba ein bibliotekar på eit landsens folkeleg bibliotek avstad for å tøme innleveringskassa for bøker. Morgonrutinert og fortsatt i halvsømne venta ho inkje anna av kassa enn bøker og blekker med dagens nyhende frå dalen og frå den by ingen forlater uten å bli derav merket. Men denne morgonen låg det eit lite stykke ruta papir på botnen av kassa. Ein spålapp, ein slik som dei hadde bretta, fargelagt og skrive i med omhu i førre årtusen. Også.


Bibliotekaren konstaterte at brettinga fortsatt var den same. Ho såg seg godt omkring, forvissa seg om at ingen såg ho der ho stod og tredde spålappen på fingrane og valde seg eit tal mellom 1 og 8. Ho valde 4. Nå som da. Farge lilla. Brått var ho attende i barndommens bjørkelund. Ein vårblå morgon som denne, rett før lauvknoppane brast. Ho, den medvise og dei 5 andre jentene i klassa på den vesle skulen for lenge sidan. Lappen dei hadde mellom seg var forseggjort. Fargelagt heilt ut i kantane i raudt, blått, gult og grønt. Sirleg jenteskrift på innsida. Dei spådde kvarandre. Latteren steig opp mellom bjørkestammane og blanda seg med det vårblå når S fekk sin B og M fekk sin K, som ho allereie hadde siti på fanget hos, og kanskje hadde dei klemt, klappa og kysst også. Slike intime betruingar var for utvalde. Men ein skjønte på latteren at det hadde skjedd ikkje så reint lite av kvart som ein uinnvigd berre kunne ane konturane av.

Sjølv var ho ljosår unna gutefang, überseriøs, stivbeint og ikkje vel til mode. Ho valde 4. Fekk sikkert ein spilloppmaker S eller ein J ho ikkje kunne fordra. Same kunne det vera. Ho tok det meir alvorleg enn som så. Dette med kjærleiken. Og det å spå. Hadde John Olav Nilsen praktisert med gjengen på den tid, hadde ho bytt bort Gry Jannicke. Glatt. Da som nå.


PS: På spålappar av i dag står det klining, tungekyss, lekser, festing, jenter, gutar, p-ordet og kyssing. Ungdom, altså!

PSS: 4 lilla: Festing. Hobby.

Rita

tirsdag 10. april 2012

Nachpåsk

Kjuklingane stupte i koll bortetter borda her då eg kom flagrande med synnavinden ved høgst dag. Sjefen svinsa borti krokane med den eine bokstabelen tyngre enn hin, like blid og oppteken som før høgtidsdagane senka roa mellom hyllene. Bokkassa taut av utlesen krim, gjennombladde blad og velspelte filmar -så velfylt var ho at den overvise sleit med hengjelåsen, og postkassa til vidaregåande knirka i skøytane under tyngda vikariatet som ekstrabokkasse.



Fastbuande og visitterande i fjellbygda Lom les som aldri før, og i dag var dagen for litteraturfornying. Full rulle med innlevering og nye utlån, blide, påskebrune fjes og møteverksemd har prega dagen. Ho Sjølv gjekk i møtemodus med det same eg var i drift i dag, så det er ikkje mangt til kjeft vi har vunnest å rive i dag. (For uinnvidde ligg det altså ikkje noko negativt i å rive kjeft...)

Kjuklingane ligg no trygt stuva saman med nissen og engleskaren hans, medan påskeegga ikkje vanst fram i ljoset før høgtida var over i år. Det vi ikkje rakk til påske i år, vinst vi sikkert eit anna år, så det ser vi ljost på -som så mangt anna.


Det har kome ønskje om repriseblogging av "Krakken", som vi etter mykje om og men vart einige om å kassere først på året i 2010. Då sjefen ikkje har vore tilgjengeleg for kommentar i dag, tek eg ikkje sjansen på nett det, men linkar til diktet over her i staden :-) Kjempeartig for oss at de som lesarar hugsar kva vi har skrive om og set pris på det! Likeeins lovar vi å skrive stutt om bøkene vi hadde bokprat om her om kvelden, men 16 bøker krev sin plass, så det får bli ein annan dag. I mellomtida foreslår eg at vi tek ein felles dans mot vår i protest mot dette snødrevet...



Merete

tirsdag 3. april 2012

Bokprat & fingerprat

Hatten hadde vore høgare. Ein hadde vore på bibliotekplansamling og fortrengt i det lengste at ein skulle halde bokprat & fingermat dagen derpå. Ein måtte nytte tida godt og dei arme medvise måtte styre skuta i eigen majestet så lenge det let seg gjera #dennadagen. Medan sanden i timeglaset styrta som ein foss mot avgrunnen, leitte ein med lys og lykt innover dei tronge hjernegangane etter spor av innhald og gode grunnar for bøkene ein hadde lese gjennom heile den lange vinteren. Her gjalt det å verke overtydande!

Tre bibliotekarar skulle presentere sine utvalde favorittar blant ikkje-bestseljarane. Fordi det er vårt viktigaste kall å spreie den gode bodskapen som ikkje spreier seg sjølv i glansa magasin og heidersplassar i utstillingsvindauga. Å få folk til å oppdage forfattarskap og bøker dei ikkje visste om. Det var nytt for oss alle å bokprate for vaksne i flokk. Litt skummelt! Litt spennande! Det einaste vi var sikre på var at fingermaten frå Schakenda heldt mål. Det gjorde han.

Når sanden hadde lagt seg i dyna i botnen av timeglaset og vi hadde gjort så godt som gjerast kunne, når det hadde kome passe mange rundt borda, når dei attpåtil hadde fått mat i fingrane og drikke i glasa, kunne bokpratarane puste og letne litt. Dette var ei ny og spennande erfaring. Vi har lyst til å prøve på ny. Litt færre bøker. Gjerne litt fleire tilhøyrarar. Kanskje i eit lokale utanfor bokheimen? Gode idear skal takast imot med ein klem.


Postludium: Litteratur har ulike funksjonar. Skal ha ulike funksjonar. Ein kan lesa for underhaldning, for spenning, for konsum, for happy endings, for den råe romantikken, for kvardagsflukt, for livsvisdom, for nye sanningar, for å nyte eit rikt språk, for å gå på oppdagingsferd i nytt land, i nye hovud, for å finne skattar. Grunnane er greie. Og grunnane kan endre seg i løpet av eit lesande liv. Vi stiller bøker for ulike behov gratis til disposisjon. Kom og forsyn deg! Les on!

Rita

PS: Vi trur på formidlinga. Litteraturen ut av hyllene. Ut til folket! Kom til Fossheim i kveld kl. 19.30 og opplev fjellpoetane våre i fri formidling og utfalding. Om du vil angre? Nei! Det blir norsk kjærleikssong og vårblå himil i april.